NRK Nyhet

Ti år med tegnspråk.

Døve er lisensbetalarar som alle andre. Dei skal også ha eit tilbod, seier Siri Antonsen som leiar Tolkekanalen. I haust har NRKs «ukjente kanal» tiårsjubileum.

Tolkekanalen er lite kjent, men tilbodet er svært viktig for dei det rettar seg mot. Tilbakemeldingane er klare: Kvelden blir heilt annleis, og mykje betre med eit tv-tilbod.

Når du sitt i sofaen framfor tv-en med ein nær og elska familiemedlem, då ønskjer du ikkje å ekskludere vedkommande. Det kjenst ikkje særleg bra. Antonsen er sikker på at Tolkekanalen også betyr mykje for dei som er rundt dei døve. 

I Noreg finst det rundt 5-6000 menneske som er utan hørsel.

For alle

Universell utforming.

Antonsen smakar på ordet og liker det. I mars i år blei biletet bak tolken gjort langt større, slik at ikkje berre tolken, men også det som vert tolka, kjem godt fram. Tidlegare var biletet svært lite, noko som gjorde sendingane lite attraktive for dei som ikkje forstår teiknspråk.

Tonje Henriksen tolkar her Kjell Lars Berge i Aktuelt. Ein tolk får med alt som blir sagt, og kan opplyse om stemmeleie og andre uttrykk som berre høyrande får med seg. Derfor er tolking av debattar og intervju særleg verdsett.

 

Klikk her: http://www.nrk.no/informasjon/tolkekanalen-ti-ar-1.7351768